Klorar drikkevatnet i Ørsta

Bakgrunnen er vedlikehald av drikkevasskjelda.

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix 

Nyheter

Møre-Nytt melder at mange abonnentar dei siste dagane har kontakta dei og sagt at det luktar og smakar klor av drikkevatnet i Ørsta sentrum.

Og: Einingsleiar Ulf Rognstad seier til avisa at det går føre seg ei kloring av drikkevatnet.

– For tida vert det tilsett ei låg dose klor på vatn frå Vikegeila vassverk. Dette er eit førebyggjande tiltak med tanke på tryggleik i vassforsyninga på leidningsnettet, fortel Rognstad. Føremålet med kloringa skal vere å desinfisere leidningsnettet og høgdebasseng etter ein sesong med mykje arbeid på nettet.

– Kloring kan i enkelte tilfelle gi noko smak og lukt på vatnet. Vatnet er likevel fullt ut trygt å nytte til matlaging og drikkevatn, fortel Rognstad.

Vikegeila vassverk leverer ifølgje avisa vatn til abonnentar frå Rjåneset til og med Ørsta sentrum, Hovdebygda, Melsbygda, Åmdal og Bondalseidet. Kloringa av vatnet vil halde fram til rundt 20. desember.