Torsdag blir den betente språkstriden i nye Ålesund endeleg avgjort:

Meiner språknøytralitet betyr siger til bokmålet

Frontane er harde før det endeleg skal avgjerast om nye Ålesund blir nynorskkommune eller ei. Målrørsla fryktar at nynorsken taper på eit eventuelt vedtak om språknøytralitet.

MEINER MYKJE ER MISFORSTÅTT: Ottar Grepstad meiner debatten om språket i nye Ålesund har handla altfor mykje om gamle Ålesund og lite om kommunane rundt. Han meiner også mykje i debatten er misforstått.   Foto: Lars O. Flydal / Ivar Aasen-tunet

Nyheter

– Språknøytralitet vil føre til at det dominerande språket vinn. Og her er det bokmålet, seier Ottar Grepstad, forfattar og språk- og litteraturvitar, mellom anna kjent for å ha gitt ut storverket om Ivar Aasen.