Ei klippe i norsk klippfiskeksport

Arbeidet med reklame til utlandet er ein viktig del av suksesshistoria om norsk klippfiskeksport.

1950-51: Ein av illustrasjonane til reklamen på Cuba. At reklamegruppa spelte på husmoridealet på denne tida er ikkje til å komme forbi. Fotografert av Piotr Cabaj ved IKAMR. Arkivkode: P-00045, Unidos A/L 

Nyheter

I Kirkegata i Ålesund ligg Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal, IKAMR. Der finst store magasin med historiske arkiv som er viktige for fylket vårt og av nasjonal verdi. I haust har IKAMR ordna og registrert arkivet etter De Norske Klippfiskeksportørers Landsforening (DNKL) og Unidos, finansiert av Arkivverket. Arkivet er ein viktig kjelde til å forstå kvifor norsk klippfiskeksport har vore og stadig er ei suksesshistorie. Her kan vi mellom anna fotfølgje arbeidet med felles klippfiskreklame til utlandet gjennom nesten 50 år.