Mattilsynet opprettheld millionbøter mot Mowi

Mowi klaga på Mattilsynet sine vedtak om dagbøter. Mattilsynet viker ikkje frå pengekrava, men justerer summane forsiktig ned.

Mowi ville   Foto: Oliver Bellinder (arkivbilde)

Nyheter

Då oppdrettsgiganten ikkje fekk kontroll over lakselusa i anlegga sine, såg Mattilsynet seg nøydd til å pålegge dagbøter. Det gjaldt både på Rønstad og Sandvika i Volda kommune. Til saman er bøtene på 9,1 millionar kroner.