Valldal:

Skal dyrke jordbær i tunnel

Meir stabil produksjon og leveranse. Det er målet når Jan Ole Fuglem i Valldal no set ut jordbærplanter i plasttunnelar.

Stordyrkar: Jan Ole Fuglem har om lag 60 mål med jordbærplanter. No skal han bruke eitt mål til dyrking i plasttunnel. (Arkiv)  Foto: Terje Engås

Bringebærtunnelar i Innvik.  Foto: Tomas Thaule / Fjordingen

Nyheter

– Eg blir den første som prøver ut dette i Valldal. Frå før har eg gode erfaringar med dyrking av bringebær i slike tunnelar, seier Jan Ove Fuglem.

I andre delar av landet, og i utlandet, har ein så langt gode erfaringar med liknande dyrking. Men vil det også vere det for jordbærdyrkarane i Valldal? Det skal ein no forsøke å finne ut.


Jordbærsesongen snart i gong i Valldal:

– Tidenes beste jordbær

Det seier Karolina Janasz frå Polen, som er i Valldalen for å plukke jordbær for tolvte sommaren på rad.


Stordyrkar

Fuglem er ein av dei verkeleg store jordbærdyrkarane i Valldal, med sine ca. 60 mål med bugnande raude bær. No vil han prøve seg med eitt mål med jordbær i tunnel.

– Det blir nok aldri aktuelt å legge all jordbærproduksjon under tak, i slike tunnelar. Men kanskje kan vi ha delar av den der. Då kan vi få utnytte sesongen betre, og det heile blir meir føreseieleg. Mellom anna vil plastfilteret beskytte bæra mot regn, og vi kan få friskare og finare bær, seier Fuglem.

Han har også tenkt å sette plantene på lange bord. Det trur han kan vere bra for plantehelsa, og for ryggane til dei som skal plukke.

– Eg håpar å komme i gang med dette prosjektet i sommar. Men det er avhengig av vidare framdrift, mellom anna finansiering.


Bringebæra i Valldal blir hausta to veker før normalt

– Det ser veldig lovande ut, seier Jan Ole Fuglem.


Pengestøtte

Fuglem har fått tilsegn om kommunal støtte frå næringsfondet på 33.000 kroner. Men det er ikkje nok. For prosjektet kjem til å koste rundt ein halv million kroner.

– Så eg har også søkt Innovasjon Norge om støtte, legg han til.

Dei største utgiftene er automatisk vatningssystem tilpassa tunnel, bygging av sjølve tunnelen, kar og vekstmedium.

Det er meininga at prosjektet skal gå over fleire år, med ei oppsummering av erfaringar hausten 2021.


Sein vekst i våt jordbæråker

Det går seint og treigt med jordbæra i år. Og det er kanskje like bra, så vått som det har vore i det siste.


Kommunen er positiv

Rådmann Karl André Birkhol ser positivt på prosjekt. I innstillinga si til næringsfondstyret uttaler han at nye metodar for produksjon kan få meir stabilitet i bærproduksjonen, spesielt i år med store klimavariasjonar.

Nye metodar kan også føre til etablering av produsentar, og at eksisterande produsentar aukar bærarealet. For Norddal har eit moderne bærmottak som har god kapasitet til å ta i mot meir bær.

Jan Ove Fuglem reknar med at fleire andre jordbærdyrkarar i Valldal kan følgje etter, når dei får høyre kva erfaringar han har skaffa seg.


Ny utfordring for bærdyrkarane i Valldal: Sol og sterk varme

Heite dagar i jordbæråkeren

– Så lenge ein har vatn, så går dette bra, seier jordbærbonde Håkon Myklebust.