Gunvor Ulstein: – Ulstein Verft skal ikkje seljast

Konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, er klar på at verftet på Osneset framleis skal byggje båtar.

Klar tale: Konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, er klar på at det tradisjonsrike verftet på Osneset ikkje skal seljast. – Det er vi som er eigarar og det er vi som skal ta oss gjennom dette, seier Ulstein til Vikebladet Vestposten.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Vikebladet

Nyheter

(Vikebladet) I etterdønningane av den maritime krisa som tok til for alvor i 2014, er det framleis ein særs krevjande situasjon for mange norske verft. Ei av mange verksemder som for ikkje så mange år sidan hadde ei overvekt av lokalt eigarskap, Kleven Verft, er no til sals. Livbergar og eigar, reiarlaget Hurtigruten, ønskjer forståeleg nok ikkje lenger å vere verftseigarar etter at ekspedisjonsskipa deira er ferdigbygde, men heller gjere det dei er best til, å drifte båtar.