Kulturstipend til langrennsjenta Lone

Lone Lorgen Øvrebust fekk onsdag kveld overrekt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2019.

Kuturstipend: Skiløpar Lone Lorgen Øvrebust og ordførar Eva Hove.   Foto: Hallgeir Hove

Nyheter

Stordal skule hadde si faste juleavslutning onsdag kveld, der hovudoppsettinga i år var «Putti Plutti Pott».

Men før framsyninga delte ordførar Eva Hove (Ap) ut årets kulturstipend, som gjekk til Lone Lorgen Øvrebust.


120 deltakarar fekk fluorfri smurning gratis påført

Historisk KM i Valldal

Ludvig Vartdal, Emblem IL og Lone Øvrebust, Stordal IL, var raskast i rennet der arrangøren sytte for lik, og fluorfri, smurning til 120 deltakarar.


Heng høgt

Hove fortalde om dei mange unge som tidlegare har teke imot kommunen sitt kulturstipend og peika på at dette heng høgt. Ho var også inne på at det nok var mange der ute som hadde fortent ei slik utmerking.

Men ei av dei som ordføraren meiner verkeleg har gjort seg fortent til dette stipendet er langrennstalentet Lone Lorgen Øvrebust og det var altså ho som vart kalla opp på scena for å ta imot diplom, gåvesjekk og blomster.


Suksess for Stordal:

Søstre til topps

Søstrene Lone og Martine Lorgen Øvrebust vant på Natrudstilen.


Takka fleire – og særleg pappa

Lone nytta høvet til å takke kommunen for stipendet og samtidig retta ho ei takk til alle i idrettslaget som bidreg til å legge forholda så bra til rette.

Og sist, men ikkje, minst takka ho pappa Pål Bjørn som er med ho land og strand, året rundt.