Stryn:

Tunnelarbeidarar tek juleferie

Torsdag dundra den siste tunnelsalven for i år, og frå fredag blir det juleferie på Blakset og Flo i Stryn. Anleggsarbeidet på dei nye tunnelane tek til att måndag 6. januar.

Stryn: Flotunnelen i Stryn.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Det opplyser Statens vegvesen i ei melding, og legg til at drivinga av Blaksettunnelen har gått jamt og trutt denne hausten. Før entreprenør Hæhre tek juleferie har dei drive om lag 965 meter av tunnelen.

– Det betyr at det står att cirka 260 meter før dei kjem ut på vestsida. Då blir det sannsynlegvis gjennomslag i midten av februar, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Statens vegvesen.


Signerte kontrakt på to tunnelprosjekt

Statens vegvesen signerte i dag kontrakt med Hæhre Entreprenør AS på bygginga av Blaksettunnelen på fv.698 og Flotunnelen på fv.722 i Stryn.


Sikring på vestsida

Begge forskjæringane er no sprengt ut, og det går føre seg sikring på vestsida, ved Dokset. Det er her siste tunnelsalve vil gå.

Etter at tunneldrivinga er ferdig skal botnen av tunnelen bli reinska ned til fast fjell, før ny masse blir frakta inn. Dette skal bli underlag for vegen, og det er viktig at denne massen har rett kvalitet for å unngå teleproblem.

Deretter skal dreneringssystem med grøfter, røyr og kummar på plass, før vass- og frostsikringsmatter skal monterast i tak og vegger. Arbeidet med lys, ventilasjon og anna teknisk utrusting vil ta til etter sommarferien, skriv Statens vegvesen.

Problem med mykje vatn

Flotunnelen vert no driven frå begge sider, både frå Veslebygda og frå Flo. Til no er det drive ca. 800 meter av tunnelen.

– Etter ein lengre periode med mykje vatn i tunnelen håper vi no at lekkasjen minskar, for det betyr mykje meirarbeid for tunneldrivarane og forsinkar framdrifta. Vi vil vurdere over nyttår om vi skal fortsette å drive frå både Flo og Veslebygda vidare utover vinteren og våren, seier Tytingvåg.