Ring i bjella:

Meiner møtet med direktøren var godt

— Mi dør skal alltid være open for dialog med fagfolka, seier Øyvind Bakke.

Hadde møte fredag: Øyvind Bakke og Kathrine Grande Røsvik.  

Nyheter

I regi av Facebookaksjonen Ring i Bjella blei den nye direktøren i Helse Møre og Romsdal i dag ønska hjarteleg velkomen med eit bilete av mange av dei tilsette i helseføretaket.


Stort oppmøte på «lunsj-aksjonen»

Rundt 200 ansatte på sjukehuset i Ålesund aksjonerte med applaus og klingende bjeller.


Bodskapen deira var å ønske han velkomen samtidig som det vart ytra ønske om forbetring og behov på dei ulike avdelingane. Kathrine Grande Røsvik, som er ein av initiativtakarane til Facebook-gruppa Ring i Bjella møtte Øyvind Bakke for ein samtale og orientering rundt opplevinga mange av fotfolket har i arbeidskvardagen. Det vart snakka om det å ha ein tydeleg og open kommunikasjon med leiinga slik at alle har lik virkelighetsforståelse og kan gå i same retning.

Øyvind Bakke var klar på at han ønska dette, og seier:
– Det er ikkje ønskeleg å setje i verk ytterlegare kutt i bemanninga. Vi skal fokusere på korleis vi kan jobbe annleis, lære av kvarandre og utnytte operasjonsstuene betre.
Ring i bjella har sitt utspring i eit stort engasjement for arbeidsplassen sin. Engasjement er veldig bra! Mi dør skal alltid vere open for dialog med fagfolka. Eg vil sjølv også kome ut i klinikken å møte dei tilsette. Det er gjennom samarbeid og dialog vi oppnår resultat. Eg vil også ha dialog med Ring i Bjella om korleis vi skal lukkast med rekruttering av fagfolk framover for å behalde og skape gode og robuste fagmiljø.


Helgapraten: Øyvind Bakke

«Krevende ledererfaring» ga han toppjobben i Helse Møre og Romsdal

Dette er den nye direktøren i Helse Møre og Romsdal, i et fylke der folk er «ekstremt interessert i helsevesenet», som han sier det.



Kathrine Grande Røsvik uttalar på si side:

– Møtet var svært positivt og eg opplevde ein lydhøyr og engasjert direktør som ønsker å vere på lag med dei tilsette og gjere Ålesund sjukehus til ein god plass å vere både for pasientar og tilsette.