Fakkelstafett for Fjord

Fakkelstafett nyttårsaftan frå dei tre bygdene Norddal, Stordal og Valldal. Slik skal det markerast at Fjord kommune blir ein realitet frå 1. januar.

Fakkel: Det blir fakkelstafett nyttårsaftan i nye Fjord kommune. (Illustrasjonsfoto)   Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Nyheter

– Vi har tenkt å lage ein enkel, men fin markering, og let dei tre fakkelstafettane møtest i Valldal om ettermiddagen 31. desember.

Det fortel kommunalsjef Charles Tøsse i Fjord kommune, samanslåinga av kommunane Norddal og Stordal.



Gløgg og peparkaker

Her i sentrum av Valldal blir det ei lita markering, med servering av gløgg, peparkaker, musikk – og ein kort tale av ordførar Eva Hove (Ap) i Fjord kommune.

– Folk er opptekne med sitt denne dagen, så markeringa vil ikkje ta lang tid, forsikrar Charles Tøsse.


Dette blir Fjord sitt rådhus - førebels

Fjord kommune ser dagens lys 1. januar, og rådhuset ligg i Valldal. Men neppe lenge.