Flytta inn til jul:

Stor «julegåve» for både bonde og kyr

Jula 2019 og dagane før vil bli hugsa spesielt godt av gardbrukar Anders Hjellbakk og familien hans. Og kanskje av kyrne hans og. Som fekk flytte inn i ny fjøs til 10 millionar kroner. Etter at korpset først hadde spelt fjøsen inn.

Spelte inn nyefjøsen: Einfrid Almenning, yngstesonen Alvin og Anders Hjellbakk sette stor pris på at korpset og drilltroppen spelte inn nyefjøsen. Drillarane i bakgrunnen, frå venstre: Selma Hove Sollid, Ivrine Tronstad Grodås, Sofie Høgalmen Støverstein og Elias Hjellbakk.   Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen) Det var høgtidsstemning i nyefjøsen nokre dagar før jul, då Hornindal musikkorps inviterte seg sjølv for å spele inn fjøsen.