Roleg stemning på Moa, men mange hadde med bytelapp:

Dette bytte vi på den store bytedagen

Nokre butikkar hadde rekna med større køar. Likevel var det mange som nytta første handelsdag i romjula til å finjustere julehandelen.

TO AV SAME BOKA: Ikkje mange hadde tatt turen til Notabene på Moa for å byte bøker om føremiddagen 27. desember. John Bratland måtte derimot innom, sidan kjerringa hadde fått to av Trude Teige si siste bok. Ifølgje Anita Stenmark bak kassa var det ingen bøker som peika seg spesielt ut i julehandelen i år, noko som ofte gir grunnlag for mykje byting i romjula.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Eg er her for å byte på vegner av kjerringa Ho hadde fått to av Trude Teige si bok "Aldri tilgi". Eg hadde sjølv gitt henne den eine. No vil eg byte den eine med Camilla Läckberg si siste bok, "Gullburet", fortel John Bratland, som vi møtte på Notabene på Amfi Moa.