Vikarane berga julegudstenesta

- Kirkens Nødhjelp, kallar Solfrid Blindheim det. Ho og Ann-Kristin Langeland leia kvar sine gudstenester julaftan på Stranda og Hellesylt. Ingen av dei er presteutdanna.
Nyheter

– Eg måtte tenkje meg om før eg sa ja. Men det er no ein tradisjon med gudsteneste på julaftan. Og når dei var i ei knipe, så sa eg ja. Men eg var skikkeleg nervøs, vedgår Ann-Kristin Langeland.