< Mødeleg skifte til Møre - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Skifta ikkje berre kommune, men også fylke

Mødeleg skifte til Møre

1. januar var den store byttedagen for Hornindal. Ikkje berre skifta dei kommune, dei skifta også fylke og alle slags offentlege etatar – som politi, biskop, domstol, fylkesmann, fylkeskommune, arbeidstilsyn, Nav og sjukehus.
Nyheter

– Jau, det er svært mykje som skal endrast på, vedgår Ann-Kristin Langeland, medan ho fyller ei flyttekasse med pc og papir frå rådmannskontoret sitt på kommunehuset Smia i Hornindal.