– Ålesundar? Det spørst ...

2.500 ungdommar frå heile den nye kommunen deltok på bursdagsfeiring for (nye) Ålesund. Men ikkje alle kjenner seg som ålesundarar.

Kjekt med fleire: – Eg trur det blir bra med ny kommune, seier Albert Standal Mele, som går på Kolvikbakken ungdomsskole og er ålesundar. Han synst det er kjekt å bli kjent med ungdom frå heile den nye kommunen. – Eg har berre vore med folk eg ikkje kjenner frå før, eg, seier han. Her i duell med Håvard Hunnes Mork.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Ungdomsskuleelevar frå heile den nye kommunen blei måndag bussa til Sparebanken Møre Arena for ein litt annleis første skuledag etter ferien.