– Ved meieriet i Ålesund går det til himmels

Meieriet i Ålesund blir ikkje råka når 400 må gå i Tine. Derimot kan Ørsta miste produksjonen av Norvegia.

Vaniljesaus i lange baner. Meierisjef Jan Heggem i Ålesund.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Ved meieriet i Ålesund ser dei ikkje noko til planane om nedbemanning i Tine. Her lagar dei tvert imot varer som er i vekst, som vaniljesaus og iskaffi. Kvar dag blir det sendt 2–300 pallar til heile landet frå meierikaia i Ålesund, fortel meierisjef Jan Heggem.