Kommunen har ikkje råd til å utbetre taket:

Bebuar må leve med at det renn vatn inn på rommet frå taket

Ein bebuar på Godøy og Alnes bukollektiv, må tidvis leve med våte handkle på golv og i vindu for å ta unna regnvatnet som renn inn. Slik har det vore sidan i fjor vår. Også fleire delar av bygget er ramma.

Giske: Rådmann Marianne Stokkereit Aasen  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Sunnmørsposten har snakka med fleire som er fortvila, men som alle stadfestar at vatnet renn inn, utan at dei veit kva dei skal gjere med saka. Det har vore slik i månadsvis. Når det regnar, dannar det seg store dammar på golva. Også inne på eitt av pasientromma. Slik har det vore lenge. Dammane har vore tidvis tørka vekk ved å ha handklede liggande på golvet, men etter det Sunnmørsposten forstår, er fleire engstelege for at bebuarar eller andre skal skli i dammane eller snuble i handkleda og skade seg.