Ferjeavgang og hurtigbåtar innstilt

Nyheter

Siste: Frå 18.40 vil det vere normal drift i sambandet Solevågen-Festøya frå klokka 18.40 onsdag.

Grunna uveret er fleire hurtigbåtar innstilt onsdag:

Ålesund-Valderøy-Nordøyane er innstilt ut dagen, melder Boreal.

Hareid-Valderøy-Ålesund er innstilt inntil vidare.

Langevåg-Ålesund er innstilt inntil vidare.

Molde-Vestnes-Sekken er innstilt inntil vidare.

Også hurtigbåten Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona er kansellert inntil vidare grunna ver, melder Torghatten Nord.

Der sørvesten står rett inn er det meldt sterk kuling til liten storm på sunnmørskysten i ettermiddag.

Sunnmørsposten oppdaterer denne artikkelen så snart vi får nyss i at rutene er i drift igjen. Om informasjonen her er feil, send epost til internett@smp.no.