Tiltalt etter kollisjon med vogntog

Ein ung bilførar må møte i retten etter ei alvorleg trafikkulukke i Stryn i fjor.

Alvorleg: Den alvorlege trafikkulukka på riksveg 15 mellom Stryn og Hornindal skjedde på føremiddagen fredag 5. april i fjor.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

Politimeisteren i Vest meiner tenåringen anten sovna eller mista konsentrasjonen bak rattet, då han kolliderte med ein møtande lastebil på riksveg 15 i Markane i april i fjor.