«Lance»-skipper Stig Roaldsand er heime att etter oppdraget med å hente ut polfararane Børge Ousland og Mike Horn frå Polhavet. – Når eg berre får kvilt litt til, er eg klar for meir. Eg er ikkje typen til å gå heime, seier 67-åringen. Foto: Staale Wattø

Litt av ein eventyrar

Han har aldri køyrt heilt safe i yrkeslivet. Alltid hatt lyst til å prøve ting få andre har gjort før han. Det så langt siste oppdraget – i Polhavet, har ikkje akkurat gitt «Lance»-skipper Stig Roaldsand meir lyst til å pensjonere seg.