Farevarsel for Møre og Romsdal - varslar springflo langs kysten

Dei neste to dagane er det venta svært høg vasstand fleire stader langs kysten, og det er sendt ut oransje farevarsel.

Illustrasjon: Ved Fosnavåg Notbøteri var havnivået her på rundt 260 cm. Tysdag er det meldt meir enn 20 cm høgare i Fosnavåg.   Foto: Lena Kjelsli Ihle

Springflo ved Dronning Sonjas plass i Ålesund i 2005. Då var havnivået i ÅLesund 291 cm over sjøkartnull. Onsdag er det meld mellom tidevatn på 285-295 cm på Sunnmøre.   Foto: Arkivfoto: Staale Wattø

Nyheter

Det er sendt ut farevarsel for fleire fylke, blant dei Møre og Romsdal.

– Oransje farevarsel betyr at det er ein alvorleg situasjon, og at ein må vera førebudd, opplyser Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NRK. Onsdag er det meldt tidevatn 285-295 cm over nullnivået langs kysten av Sunnmøre. Dette er uvanleg høgt, og rundt 70 cm over det som er oppgjeve i tidevasstabellane, viser sehavniva.no.

Den høge vasstanden oppstår som følgje av ein kombinasjon av høgt tidvatn og opphoping av vatn på grunn av vind mot kysten.

Sunnmørsposten skreiv først at det er på tysdag havnivået blir så høgt, det rette er onsdag, og vasstanden er venta å vere på det høgste i 14-tida.

Folk blir oppmoda om å passe på at båtane er godt festa, og å sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

I løpet av måndag er varselet justert litt ned. Det er ikkje lenger varsel om største flo på åtte år, men meir på nivå med ei stormflo mot slutten av 2015. Under orkanen «Dagmar» i 2011 var havnivået oppe på rundt 297 cm på Steinshamn, har Steinar Huse opplyst. I Ålesund var det oppe i 301 cm, viser historiske data på sehavniva.no. Måndag ettermiddag lyder varselet på hhv 286 og 280 cm for onsdag ettermiddag.