Alvorleg sikkerheitsbrot i Volda kommune:

2.000 kan vere råka av brot på personvernreglane

Volda kommune opplevde førre veke eit sikkerheitsbrot i handsaminga av personopplysningar til tilsette og oppdragsgjevarar i kommunen sitt datasystem. Potensielt råka sikkerheitsbrotet om lag 2.000 personar.

Arkivfoto: Møre-Nytt 

Nyheter

(Møre-Nytt): Ved ein systemfeil ved innføring av nytt lønns- og økonomisystem er det avdekt sikkerheitsbrot på personvernet til tilsette og oppdragstakarar som tek i mot lønn eller honorar frå Volda kommune, heiter det i meldinga som gjekk ut til alle involverte.