Røykutvikling i næringsbygg

Naudetatane har rykka ut etter melding om røykutvikling i eit næringsbygg i Hjørungavåg.
Nyheter

Brannvesenet, helse og politiet er på staden.

Brannvesenet melder at røyken kjem frå eit el-skap. Personar på staden som har vore utsett for røyk blir sjekka av ambulanse, melder politiet i Møre og Romsdal 14.25.

– Vi har kontroll på situasjonen, seier vaktleiar Kjetil Iversen ved Møre og Romsdal 110-sentral.

Han seier at det er litt uklart kva som er heile saka, men at det har vore ein oljelekkasje frå ein kjele. Det har også vore ein eksplosjon i eit sikringsskap. Dette er under kontroll no, seier Iversen.

Brannvesenet fekk melding klokka 13.48 måndag og var på staden 14.05.

– Tilsette i bedrifta hadde gjort ein del før brannvesenet kom fram. Det var ikkje brann då vi kom fram. Brannvesenet har vore inne og kontrollert og sjekka både kjele og sikringsskap. Temperaturen er på veg ned i sikringsskapet, seier vaktleiaren.