Vinjevoll til pårørande: – Vent til etter fredag

Pårørande kan ikkje krevje c-vitaminkur til sine næraste som er døande av blodforgiftning. Snart kjem uansett forskingsresultat som kan endre dagens praksis.

Utfordrer standarden: Vinjevoll kallar det «gullstandarden». Den vanlege medisinske praksisen som alltid skal vere basert på bevis. – Men akkurat her slår standarden litt sprekker, seier han.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

Volda er det einaste sjukehuset i Helse Møre og Romsdal som tilbyr C-vitaminkuren. Lege Eivind Vinjevoll er klar over at helseføretaket ønskjer lik praksis på alle sjukehusa. Det er eit prinsipp han er einig i.