Floda fylte godt opp i vågen

– Her sel vi både flytevestar og overlevingsdrakter, så her klarer vi oss, smiler Lene Kjelsli.

Vassar: Tor Frantsen (f.v.) og Lena Kjelsli ved Fosnot på kaia saman med Ståle Karstensen frå fiskebåten Bluefin frå Florø som låg ved kaia onsdag.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Ved Fosnot i Fosnavåg har butikksjef Lene Kjelsli sett varer og utstyr på pallar, for å berge ting i tilfelle sjøen skulle kome inn i butikken. Også pumper er sett fram, i tilfelle det skulle bli behov for å få ut vatn.