Lokalt næringsliv håper på hjelp frå samferdselsministeren:

I dette krysset kan det bli 23 minutt ventetid om åtte år

Ventetida er lang og faren for ulykker stor. Likevel har så langt ingenting skjedd med Veibustkrysset i Sula.

HÅPER PÅ HJELP FRÅ STATSRÅDEN: Gjennom fleire tiår har Hans Giørtz og Lars Gunnar Nesseth jobba for ei betre trafikkløysing på Veibust, der det tidvis er svært vanskeleg å kome seg inn på europavegen. Ein beskjed frå samferdselsminister Jon Georg Dale i valkampen gav forkjemparane fornya håp. Sidan har dei ikkje høyrt noko.   Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– No er det på tide at det skjer noko. Vi er bekymra, seier Lars Gunnar Nesseth og Hans Giørtz, representantar for næringslivet på Veibust.