Set ikkje inn ekstra sommarferje i turistsesongen

Tredoblar kapasiteten

I staden for å setje inn ekstraferje på sambandet Stranda-Liabygda, satsar fylket på å tredoble kapasiteten. Dette har Sunnmøringen fått stadfesta frå samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

MF Volda: Dei fleste strandarar vil gjenkjenne MF Volda, som gjekk på sambandet Aursnes-Magerholm. Ferja med kapasitet på 100 bilar skal trafikkere sambandet Stranda-Liabygda i perioden 18. mai til 31. august. Det vil då bli over ei tredobling av kapasiteten på sambandet, som i dag blir trafikkert av MF Sykkylvsfjord med ein kapasitet på 35 bilar. arkivfoto  Foto: Sunnmøringen

Nyheter

(Sunnmøringen) – Det vil ikkje bli sett inn ekstra sommarferje på sambandet Stranda-Liabygda i sommar, seier rådgjevar Olav Vatne ved samferdsleavdelinga.