Ein person var fastklemd i trafikkulykke

Ein bil har køyrd i fjellveggen på Stårheim i Nordfjord, like ved ferjekaia.
Nyheter

Politiet fekk melding om ulykka på Stårheim i Nordfjord, like ved ferjekaia, klokka 16.10 fredag ettermiddag.

– Ein person er fastklemd. Personen er bevisst. Brannvesen og ambulanse er på staden, politiet er på veg, melde Vest polidistrikt klokka 16.35.

Politiet opplyser til NRK Sogn og Fjordane at ein bil har køyrd i fjellveggen. Ein person var ute av bilen, medan ein var fastklemd.

Klokka 17.22 melder politiet at føraren av bilen, ein mann i 30-åra, er hjelpt laus og er ute av bilen.

– Han er bevisst og vert teken hand om av helse. Det var to personar i bilen. Den andre har nokre smerter men er elles OK, skriv Vest politidistrikt på Twitter.