Næringslivet har jobba i 30 år for nytt kryss – no kan ei løysing vere nær:

Samferdselsministeren vil ha fortgang på Veibust

Jon Georg Dale (Frp) håper å kunne få inn midlar til Veibustkrysset på 2021-budsjettet sitt.

HØYRER PÅ NÆRINGSLIVET: Tidlegare denne veka gjekk representantar frå næringslivet på Veibust ut i Sunnmørsposten og etterlyste pengar til det betente krysset. No ser det ut som statsråd Jon Georg Dale (Frp) prioriterer å få landa saka.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Nyheter

– Eg forstår godt utolmodigheita. Men no set vi i gang, seier ein offensiv samferdselsminister til Sunnmørsposten fredag ettermiddag.