Lodve Solholm sine fire elevar, Listhaug, Dale, Kallmyr og Nesvik, går ut av regjeringa:

– Vemodig, men Frp kjem sterkare tilbake

Møre og Romsdal mistar mykje tyngde utan Framstegspartiet i regjering, meiner Lodve Solholm. Men han trur partiet kjem sterkare tilbake etter kvart.

FRP-PROFIL: Lodve Solholm blir rekna som ein av dei viktigaste grunnane til at Frp har stått så sterkt i Møre og Romsdal.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det er klart det er vemodig at Frp går ut av regjering. Og alle dei fire statsrådane frå Møre og Romsdal er jo elevar av meg, seier Lodve Solholm til Sunnmørsposten.