I.P. Huse skal nedbemanne

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Illustrasjonsfoto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyheter

I.P. Huse har gjennom mange år hatt vinsjar til ankerhandteringsskip, samt forankringssystemer til boreriggar som sine hovedprodukt.

Marknaden for desse produkta er blitt sterkt redusert, og selskapet reknar med at marknaden framleis vil vere svak dei næraste åra.

– Dette har ført til sterkt redusert omsetning og kapasitetsbehov, skriv dagleg leiar Morten Hopland i ei pressemelding.

Bedrifta er no inne i ein periode med restrukturering og kapasitetstilpasning, for å tilpasse bemanninga til det behovet som er forventa for 2020 og 2021. Prosessen rundt dette skjer i tett dialog med tillitsvalte og tilsette, opplyser selskapet.

Bedrifta jobbar i dag mot marknader innan fornybar energi, fiskeoppdrett, offshore, maritime område og subsea.

Les meir her: – Denne gongen blir det oppseiingar, seier dagleg leiar Morten Hopland.