Har saksøkt staten i strid om turstiar

Loen Skylift krev fleire hundre tusen i momsfrådrag for turvegar på Hoven, men skatteetaten nektar å gå med på kravet.

Turvegar: I rekneskapen for 2016 krev Loen skylift momsfrådrag for utgifter til turvegnettet på Hoven, men skatteetaten meiner dei ikkje skal ha frådrag. No møtest partane i retten for å få avgjort spørsmålet  Foto: Arkiv

Nyheter

I slutten av januar er det klart for ei to dagar lang rettssak i Sogn og Fjordane tingrett, der partane er Loen Skylift AS mot staten ved Skatteetaten.