Tok oppgjer med helseføretaksmodellen

"Styra har stor formell makt, men i praksis styrer administrasjonen"

Overlege Rune Heggedal var positiv til føretaksmodellen då den kom i si tid. Det varte ikkje lenge.

Helsepolitikk: Det var mange interesserte på møtet om helsepolitikk i Ivar Aasen-tunet. Her er Rune Heggedal på podiet.   Foto: Svein Aam, Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: Korleis unngå dei evige omkampane om lokale helsetilbod? Dette var overskrifta på eit møte om helsepolitikk i regi av Volda og Ørsta SV tysdag. Hovudinnlegga var ved overlege Rune Heggedal ved sjukehuset, og plasstillitsvald Marthe Husøy ved Mork Rehabiliteringssenter.