Frank Sve vil gi Hareide ein sjanse som samferdselsminister:

– Heller Hareide enn Orten

Knut Arild Hareide (KrF) har fleire gonger kritisert Framstegspartiet i kraftige ordelag. Likevel meiner Frank Sve at Hareide er betre eigna som samferdselsminister enn Helge Orten (Høgre).

Vart ikkje statsråd: Helge Orten (til venstre) vart ikkje statsråd. Det meiner Frank Sve er heilt greitt.   Foto: BJØRN BRUNVOLL, Romsdals budstikke (arkivfoto)

Nyheter

Orten vart nemleg av mange spelt inn som forslag til denne jobben, som vart ledig etter Jon Georg Dale då Frp gjekk ut av regjeringa denne veka.