Skuffa over at Orten ikkje kom med i regjeringa:

– Men adresse er ikkje det viktigaste

Dag Olav Tennfjord skulle helst sett at Helge Orten frå Midsund vart ny samferdelsminister, men finn også mykje positivt med den nye regjeringa.

Håpte på Orten: Fylkesleiar i Høgre, Dag Olav Tennfjord, finn likevel mykje bra med den nye regjeringa..  Foto: Staale Wattø (arkiv)

Nyheter

– Klart eg er litt skuffa over at vi ikkje fekk ein minister herifrå. Vi skulle jo gjerne hatt inn Helge Orten. Men slik er det. Sist var det Trøndelag som ikkje fekk med nokon. No er Linda Hofstad Helleland inne, seier fylkesleiaren i Høgre.