Varetektsfengsla etter mistenkeleg dødsfall på Nordfjordeid:

Alle tre nektar straffskuld

Dei tre mennene som er sikta etter det mistenkelege dødsfallet på Nordfjordeid vart alle varetektsfengsla fredag.
Nyheter

Dei tre blir varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod, melder NRK.

Alle tre nekta straffskuld då dei møtte i Sogn og Fjordane Tingrett fredag, men ein av dei samtykte i fengsling, sjølv om han ikkje vedgår straffskuld.

Alle har fått utnemnt forsvarar.

Dei tre mennene er sikta for å ha hensatt ein person i hjelpelaus tilstand, opplyste politiet i ei pressemelding torsdag ettermiddag.


Tre menn siktet etter dødsfall på Nordfjordeid

Tre menn i alderen 18 til 30 år er pågrepet av politiet etter at det ble funnet en død mann (59) på Nordfjordeid søndag.


Vidare etterforsking

Politiet har så langt ikkje komme med opplysningar om dødsårsak eller andre detaljar frå etterforskinga.

Dødsfallet er av politiet blitt omtalt som mistenkeleg. Politiet vart varsla om dødsfallet i ein kommunal bustad i Nordfjordeid i Stad kommune i Nordfjord sist søndag ettermiddag. Det var ein nabo som fann den døde mannen.

Mannen som vart funne død var Rune Kjetil Flo. Politiet har frigitt namnet på avdøde i samråd med pårørande.