Får utvide steinbrot i strandsona

Staten gir Longva Maskin konsesjon til å utvide steinbrot i LNF-område i strandsona.

ARKIV. Steinbrotet på Bjørnøya.  Foto: Vegvesenet

Nyheter

Kravet er at dei sørger for ei arkeologisk utgraving først.

Stein herifrå blir brukt der Nordøyvegen kryssar Lepsøyrevet, som plastringsstein til sjøfyllingane. Uttaket har mindre masse enn venta, skreiv Longva Maskin i søknaden. Dagens steinbrot på rundt 30 dekar vil dei utvide med 10 dekar langs stranda.

Direktoratet for mineralforvaltning har no gitt konsesjon til å utvide steinbrotet, på visse vilkår:

Det er eit freda kulturminne i dette området. Tiltaket vil truleg krevje arkeologisk utgraving først.

Det er også ein svartelista plante her, parkslirekne. Direktoratet ber om at tiltakshavar gjer tiltak for å hindre at arten spreier seg.

Direktoratet ber også om ein plan for å tilbakeføre arealet til landbruksområde etterpå. Dette har også Longva Maskin lovt i søknaden: «Gjennom tilbakeføringa i etterkant vil området bli gjort tilgjengeleg og veleigna som landbruksområde, noko det ikkje er i dag,» skreiv dei i søknaden.

Som økonomisk garanti må tiltakshavar stille med 400.000 kroner før dei kan starte.

Bjørnøya er for øvrig ikkje einaste steinbrot som leverer plastringsstein til Nordøyvegen. Sunnmørsposten er kjend med at dette også blir henta frå Bingsa ved Ålesund og frå Bud på Romsdalskysten.