Ny statssekretær frå Fiksdal

Heidi Nakken blir ny statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ny statssekretær: Heidi Nakken.  Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Nyheter

Ho skal dermed jobbe under statsråden Nikolai Astrup, som i likskap med Nakken representerer Høgre.

– Eg fekk spørsmål frå Nicolai torsdag. Eg må innrømme at eg vart overraska. Men eg hadde ikkje sjanse til å seie nei, seier Nakken på telefon frå Oslo.

Lang erfaring

Heidi Nakken (fødd 1974) har vore medlem i fylkestinget i Møre og Romsdal sidan 2015.

Ho har også åtte år bak seg i kommunestyret i Vestnes.

Dessutan var ho partisekretær i Møre og Romsdal Høgre mellom 2006 og 2016.

For kommunesamanslåing

– Eg veit enno ikkje i detalj kva eg skal jobbe med framover, men eg gler meg veldig, seier Nakken.

– Du kjem kanskje til å jobbe for fleire kommunesamanslåingar?

– Det er opp til kommunane sjølv. Men eg har aldri lagt skjul på mitt syn. Eg har meint at ein kommune som Vestnes burde bli ein del av noko større, seier den nye statssekretæren.

Tobarnsmora kjem til å vekependle frå Fiksdal.

Politisk rådgjevar

Heidi Nakken er ikkje den einaste frå Møre og Romsdal som går inn i regjeringsapparatet.

Britt Giske Andersen frå Giske blir politisk rådgjevar for næringsminister Iselin Nybø.

Giske Andersen var varaordførar i Giske mellom 2015 og 2019. Ho er til dagleg marknadssjef i Atlanterhavsparken i Ålesund.


Ny rådgjevar: Britt Giske Andersen. 

Frank Sve vil gi Hareide ein sjanse som samferdselsminister:

– Heller Hareide enn Orten

Knut Arild Hareide (KrF) har fleire gonger kritisert Framstegspartiet i kraftige ordelag. Likevel meiner Frank Sve at Hareide er betre eigna som samferdselsminister enn Helge Orten (Høgre).