< Her har dei laga 585 millionar Grandiosa - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Her har dei laga 585 millionar Grandiosa

Det kom ein ny, stor konkurrent på banen i fjor. Men pizzafabrikken på Stranda klarte likevel å selje like mykje som året før. Og sidan starten i 1980 har dei laga 585 millionar Grandiosa.

STRANDA: Orkla sin pizzafabrikk ligg på Svemorka i Stranda kommune. Her vart det i fjor laga 37,5 millionar pizzaer. FOTO: TERJE ENGÅS  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Peppes sin pizza kom i frysediskane i februar i fjor. Men vi har likevel klart å halde oppe salet vårt på 37 millionar pizza. Det er så å seie nøyaktig det same som i 2018, seier Hans Jostein Langelo, fabrikksjef ved Orkla sin pizzafabrikk i Stranda.