Bil køyrde av vegen på glatt føre

I 23-tida måndag kveld melde politiet om ein utforkøyring på Leikongeidet i Herøy kommune.
Nyheter

Det var to personar i bilen, melde Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 23.04.

Naudetatane rykka ut, og ambulanse var snart på staden. Då blei det meldt at dei to i bilen var tilsynelatande uskadde.

Sande brannvesen rykka og ut til staden. Møre og Romsdal 110-sentral skriv på Twitter at det var moderate skadar på bilen, og dei melder at det var glatt på staden.