Fryktar tronge tilstandar om dei må byte skule:

– Vi vil ikkje til Valderøya

Beskjeden frå elevrådet ved Godøy skule er klokkarklar: Dei vil ikkje at ungdomstrinnet på skulen blir flytta til Valderøya.

Kjempar for å halde på ungdomsskulen: Elevrådet ved Godøy skule ønskjer ikkje at ungdomstrinnet blir flytta til Valderøya. Frå venstre: Vanessa Burgos, Johan Rørvik Godø, Henrik Giske Nilsen, Emma Haugrønning Strand, Andreas Wennevold og Lea Severine Dybvik.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Det kan bli vanskeleg for mange om ungdomstrinnet her blir lagt ned. Det kan bli vanskeleg sosialt for mange. Dessutan blir reisevegen lenger, seier elevrådsleiar Emma Haugrønning Strand.