Aksjonsgruppa på Flø vann ikkje fram med klage på turistsatsing

Fylkesmannen konkluderer med at ordførar Knut Erik Engh og Eldar Stein Flø ikkje var ugilde i saka om at Flø skal bli eit nytt turistfyrtårn for regionen.

Flø: Ikkje alle ønskjer at Flø skal bli eit nytt turistfyrtårn for regionen.   Foto: MARIUS SIMENSEN

Nyheter

(Vikebladet:) Våren 2019 klaga aksjonsgruppa «Nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen» på Ulstein kommunestyre sitt vedtak om å slutte seg til konklusjonane i notatet «Strateginotat for ein reiselivsplan for Ulstein kommune», der dei samtidig bad administrasjonen arbeide vidare slik det var skissert.