Skjebnevinter for skulane i Giske:

Slik merkar dei nedskjeringane på Giske-skulane

Medan ei arbeidsgruppe jobbar med å legge fram ein rapport om ny skulestruktur til 17. februar, seier stadig fleire skuleleiarar i Giske at dei økonomiske nedskjeringane i kommunen tek på.

Leiar arbeidet: Rektor ved Vigra skule, Åse Elisabeth Skjærseth, leiar arbeidet med ei ny organisering for oppvekstområdet i Giske kommune. Dei legg fram ein rapport 17. februar. 26. mars skal kommunestyret behandle saka. Det betyr i praksis at dei må ta stilling til om skular skal leggast ned - heilt eller delvis.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Sidan vi er Robek-kommune er krava skjerpa. Og det er jo krevjande å kome ut av Robek. Arbeidspresset er stort på dei tilsette i skulen no. Situasjonen er ikkje optimal.