Bil hamna på taket etter trafikkulukke

Ålesund brannvesen melder at dei rykkjer ut til ei trafikkulukke i Skodje torsdag morgon. To bilar var involvert.

Enda på taket: Ein bil enda på taket etter ulukka i krysset Skodjevegen og Fagerheimsbakken. 

Nyheter

Det skriv Møre og Romsdal 110-sentral i ei twittermelding klokka 09.07. Ulukka skjedde i krysset Skodjevegen/Fagerheimsbakken i Skodje sentrum.

Politiet melder at dei fekk melding om ulukka klokka 08.56. I ei twittermelding skriv Møre og Romsdal politidistrikt at det er to bilar involvert, ein av dei enda på taket.

Det er tre personar involvert, ingen av dei skal vere alvorleg skadd, skriv politiet. Årsaka til ulukka er ikkje kjent, bilberging er rekvirert, skriv politiet klokka 09.10.

Kom glidande frå ein sideveg

Sunnmørsposten snakket med politibetjent Helge Gangstø ved Møre og Romsdal politidistrikt, på ulukkesstaden. Han seier at det var svært glatt på staden.

– Ein bil har sannsynlegvis kome glidande frå ein sideveg og kollidert med ein bil på veg vestover på Skodjevegen, seier han.

Gangstø seier at dei involverte framsto som lettare skadd, og at dei blei køyrd til legevakt.

Eit felt var stengt på staden i ei periode etter ulukka.