Giske kommune har hatt svært billeg avtale med Godøy IL i mange år - no kan den ryke:

Varslar mangedobla leige dersom skulen blir lagt ned

Kanskje sparer Giske kommune pengar på å flytte ungdomstrinnet på Godøya til Valderøya, men dei kan også tape store summar på eit slikt vedtak.

DUGNADSGJENG: Engasjerte i Godøy IL har lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få gjere Godøyhallen og området rundt så godt som mogleg. Dette har kommunen drege god nytte av. No håper (frå venstre) Hans Petter Godø, Sigfred Vang og Knut Godø at kommunen bestemmer seg for at ungdomsskulen på Godøya får bestå.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

For i fleire år har Giske kommune betalt 200 000 kroner for å leige idrettshallen til Godøy IL til bruk for skuleelevane på Godøya.