Knut Arild Hareide dempar forventningane om rask løysing på ferjeuroa:

- Det kjem ikkje til å ta veker eller nokre få månader

Den nye samferdelsministeren Knut Arild Hareide (KrF) tek ferjeopprøret i Møre og Romsdal på alvor, men trur ikkje på ei kjapp løysing.

Lytta og lærte: Knut Arild Hareide gjekk aldri langt i å love noko, men fortalde om ein nyttig dag i Romsdal der han fekk mykje nyttig informasjon. Per Vidar Kjølmoen (fylkesvaraordførar, Ap) og Torgeir Dahl (Molde-ordførar, H) i bakgrunnen.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det kjem heilt an på kva problemstillingar vi skal ta tak i. Men det kjem ikkje til å ta veker eller nokre få månader. Det vil ta tid. For dette er eit komplekst arbeid. Og det opplever eg at folk forstår.