Hareide og Hofstad Helleland i Molde tysdag:

Slik reagerte ferjeopprørarane etter møtet med statsrådane

Dei ferske statsrådane Knut Arild Hareide (KrF) og Linda Hofstad Helleland (Høgre) hadde ingen gåvepakkar med seg til Møre og Romsdal. Likevel synest folka bak ferjeopprøret i fylka at signala frå høgste hald er positive.

Statsrådsbesøk: Joachim Orvik, Bernt Brandal (ordførar i Hareid), Lars Hagseth, Randi Walderhaug Frisvoll (fylkesleiar KrF), samferdselsminister Knut Arild Hareide og distrikts -og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland utanfor Molde rådhus. Dei tre førstnemnde er av dei som har involvert seg mest i kampen mot høge ferjeprisar.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi kjem ikkje med ei ferdigløysing. Vi kjem for å lytte. Eg vil ikkje love noko. Då vil vi skuffe folk. Men eg skal love at eg og samferdselsministeren skal jobbe med dette og prioritere det høgt.