Ingen kommunar veks meir enn Giske - likevel har dei éin milliard i gjeld:

Slik skal Giske kome seg ut av det økonomiske uføret

Stram økonomisk drift, auka eigedomsskatt og sal av næringsareal. Og kanskje også ei skulenedlegging eller to. Går alt etter planen er Giske ute av Robek neste år.

OPTIMIST: Giske kommune går gjennom ein tøff periode økonomisk, men ordførar Harry Valderhaug (KrF) har ein plan for korleis kommunen skal kome seg på rett kjøl. Kor vidt det må skulenedleggingar til blir klart i slutten av mars. Valderhaug vil ikkje ta stilling før han har sett rapporten til arbeidsutvalet, som er klar 17. februar.   Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Erna Solberg bad oss i ein nyttårsavtale om at vi måtte lage ungar. Fødselstala her ute er «all time high». Likevel er rammene våre så knappe som dei er.