Reagerer på ferjetilbodet over Hjørundfjorden:

– Eit betrakteleg meir miljøfiendtleg rutetilbod

Hytteeigar Are Urke seier at fleire ristar på hovudet over den nye ordninga, og reagerer både på rutetilbodet og miljøaspektet ved dei to nye ferjene i Hjørundfjorden.

UNDRANDE: – Ein vert ståande å klø seg i hovudet når ein ser kva som har skjedd i dette tilfellet, seier Are Urke om reagera på dagens rutetilbod. Avbilda er ferja «Goma» som vart teken ut av drift.  Foto: Bjørn Halvorsen

Nyheter

Ved nyttårsskiftet tok Fjord1 bilferja «Goma» ut av rutetrafikken over Hjørundfjorden. Den vart erstatta med ferja «Eid» som no går mellom Sæbø og Leknes, og ferja «Dalsfjord» som går på strekninga Standal – Trandal. Sistnemnde går også to gongar om dagen til Skår og Sæbø, men då må du ringe tretti minutt før avgang og seie ifrå.