Brann i industribygg

Nyheter

Det var i 04-tida fredag at Sande brannnvesen rykka ut etter melding om brann i eit industribygg i Budavegen. Ifølgje Twittermeldinga er sløkkingsarbeid i gong og det skal ikkje ha vore folk tilstades i bygget då brannen starta.

I 04.30-tida opplyser politiet at brannvesenet har kontroll på brannen, som skal ha starta i ein plasthall på eit industriområde der det produserast plastbåtar. Ifølgje Twittermeldinga frå politiet er bygget totalskada, men det er ikkje fare for spreiing til nærliggjande bygg på området.

Politiet kan ikkje seie noko om grunnen til at brannen starta.